Før koronapandemien skipla det meste, var huset stappfullt under dei årlege samlingane med operaperler, allsong, kor og kaffe.

No håpar arrangørkoret Prosjekt 17 å gjenopplive den stemningsfulle tradisjonen. Songarane Sigrid Vetleseter Bøe og Maria Moen Nohr og pianisten Hedda Hansen Berg, også kjende som ensemblet «triOpera», deltek med operaløyer i kjent stil. Med eit slikt trekkplaster er det venta mykje folk rundt kaffeborda.

Enno vil ikkje arrangørane røpe alle detaljar. Men Turid Røen Kroknes kjem – både som solist og leiar for Heimklang (tidlegare Halsa Demenskor).

Og P17 lovar både vårleg korsong og gjenhør med lokal kultur frå fjell og fjord i sceniske utdrag frå sin «Seterkabaret» og fjord-musikalen «Med segl og Wichmann».

Kaffekos og allsong hører med denne ettermiddagen. Og i staden for billett kan ein kjøpe lodd til inntekt for lokalt musikkliv. Og kanskje vinne?