Det går fyrst og fremst går ut over lokalsamfunna i fylket og barn og unge på bygda. No må vi jobbe saman for å hindre denne «nye» sentraliseringsduoen i å oppnå det dei vil: Skulenedlegging!

Utspel frå Ap og Høgre

Etter fylkestingsmøtet tidlegare i april gjekk Høgre og Arbeidarpartiet saman ut i Sunnmørsposten og varsla nedlegging av skular. «Skal vi klare omstille fylkesøkonomien må vi ta noen grunnleggende grep. Vi i Arbeiderpartiet mener vi gå gjennom den skolestrukturen fylket har», vert Line Hoem i opposisjonspartiet Arbeidarparitet sitert på.

Monica Molvær i Høgre følgjer opp med at «Søkertallene må avgjøre hvilke skoler det gjelder». Sjølv om dei ikkje konkret vil peike på enkeltskular, er begge deler politikarspråk for skulenedlegging og sentralisering av distrikta.

Gjekk sjølv på liten skule

Då eg gjekk på vidaregåande for nokre år sidan var det naturleg å velje nærskulen min på Tingvoll. Det var ein tryggleik å kunne gå på ein skule nært der eg budde, med elevar som eg kjende frå før. Vi var ein liten, men fin, klasse der vi fekk tett oppfølging av lærarane både fagleg og elles.

På vitnemålsutdelinga sa rektoren at kullet mitt samla hadde det høgaste snittet han hadde sett ei klasse ha, og at det var rekordfå som hadde droppa ut. Det kan umogleg vere tilfeldig at desse resultata kom frå ei klasse på fylkets minste vidaregåande skule.

Kvifor er slike suksesshistorier øvst på kuttlista til Høgre og Arbeidarparitet?

I artikkelen i Sunnmørsposten blir Tingvoll vidaregåande og Stranda vidaregåande trekt fram som dei to skulane med lågast søkartal.

Men kven veit - vil dei legge ned Sunndal, Surnadal, Herøy, Sykkylven og Gjermundnes også? Etter å ha lest utspelet bør alle som er opptekne av gode lokalsamfunn, desentralisering og det beste for ungdommane våre vere bekymra for kva sentraliseringsduoen Ap og Høgre kan finne på.

15-åringar på hybel

I ei tid der SSB rapporterer om at eit aukande tal unge havnar i utanforskap framstår det som eit merkeleg forslag å ville flytte 15-åringar heimafrå og vekk på hybel for å så stappe dei inn i store klassar i stappfulle klasserom.

Ikkje berre er skulane våre viktige for barn og unge i fylket, men rundt omkring er dei vidaregåande skulane viktige arbeidsplassar, og ein institusjon som knytt lokalsamfunnet saman.

I ei tid der posisjonen i fylket har varsla massive kutt i tal på tilsette på Fylkeshuset, er det i tillegg så dårleg gjort å skape endå meir usikkerheit for dei tilsette i organisasjonen.

Treng mobilisering i lokalsamfunna

Som fylkestingsrepresentant for Senterpartiet skal eg gjere det eg kan for å hindre nedlegging av skular, og eg er glad at Frp som det største partiet i posisjonen tydeleg har sagt nei til skulenedlegging dei neste tre åra.

Men vi treng mobilisering rundt omkring i lokalsamfunna, og i lokalpartia til Høgre og Arbeidarpartiet. Det er openbart ikkje sånn at sentralisering og nedlegging er løysinga på alle problem.

Les også

Halmstrå fra Pål Farstad

Les også

God Nordmørsprofil